Double Room PLUS romma ligg i nybygget vårt, ferdigstilt i 2016. Romma har 180 grader panorama over heile Oddadalen, med utsikt mot brevatnet Sandvinsvatnet, breen Folgefonna, elva Opa som næraste nabo, ljosa frå industribedriftene som badar seg i Sørfjorden i nord og kulturlandskapet med sauer beitande rett ved.

To av romma er ekstra store og har fasilitetar for gjester med behov for rullestoloptimerte løysingar og egnar seg spesielt godt også for tre reisande eller familiar.

Bygget har eigen heis og enkel inngang frå parkeringsplass.