Trolltunga Hotel Vacancies Ledig Stilling

Ledige stillingar

NATTEVAKT
Sjølvstendig problemløysar vert ynskja tilfulltids og deltidsjobb. Min. alder 20 år grunna alkoholservering.

Kontakt hotellsjef Camilla Rise
[email protected] / tlf. 919 10 424

 

RESTAURANTASSISTENT
Oppvask/ryddehjelp  ekstraservitør til sommar sesongen 2021
Kveldar og helger frå 15.06.2021. Må væra fylt 20 år

 

REINHALDER

Reinhalder for sommar sesongen 2021 , Dagtid/helger 100% 

Kontakt hotellsjef Camilla Rise
[email protected] / tlf. 919 10 424

 

KOKK (50% og 100%) Sommar sesongen 2021
Stillingsprosent: 100 og 50% på engasjement med moglegheit for fast tilsetjing.

Er du strukturert, serviceinnstilt, ansvarsfull og ein lagspelar med kreativ motor og pågangsmot som elskar å laga inspirerende mat?
 
Kontakt hotellsjef Camilla Rise
[email protected] / tlf. 919 10 424

 

**

I avdelingane reingjering, resepsjon, kjøkken og servering er det jamleg behov. Send din åpne søknad på [email protected] om du har interesse av å bli ein del av Trolltunga Hotel teamet.

 

Om arbeidsgjevaren

Trolltunga Hotel vart tatt i bruk som gjestehus i 2008 med 28 rom. I 2016 vart det bygd ein ny fløy med 14 nye rom, og gjestehuset vart omgjort til hotell. I 2017 vart den gamle fløyen oppgradert, og vi har i dag 42 rom i ulike kategoriar, restaurant og bar. Odda er ein av dei ledande destinasjonane i Noreg mot eit nasjonalt og internasjonalt publikum. I tillegg til hotellet er aktivitetsselskapet Trolltunga Active, som eig 67% av hotelldrifta, ein av drivkreftene for utviklinga i området og ein av dei største samarbeidspartnarane til Trolltunga Hotel. Røldal Skisenter, rekna for å vere Noreg sitt mest snøsikre skisenter, ligg ein halvtime unna. Hotellet ligg ti minutt unna Odda sentrum med daglegvare, skule, sjukehus og anna næring. Selskapet er i sterk utvikling, med stabil økonomi, eit hyggeleg arbeidsmiljø og positivt rykte.Me utvidar hotellet 2021 med 10 nye hotelromm og byggjer heilt ny restaurant med panoramautsikt over vann, daler og fjell i vakre Hardanger.

Newsletter


You are now subscribed