FJELLVETT

Trolltunga-turen er blitt eit verdskjend fenomen og mange tusen turistar og tilreisande går turen kvart år. Men Trolltunga-turen er ei lang og krevande tur som ein må førebu seg godt til. Gode klede og rett utstyr er nødvendig, samt å alltid førebu seg på at uhell kan skje. Bruk sesong grafen og anbefalingane frå dei lokale aktivt. Alltid ver beredt til å kunne hjelpe deg sjølv, men òg andre turgåare som du skulle møte på.

Vêr er ei garanti på turen og det kan skifte fort, så pakk smart og ta alltid "worst-case scenarioet" i betraktning. Ta alltid vurderingar fortløpande på turen og ta gode valg i god tid før ein er utmatta eller har gått for langt. Det er ingen skam å snu.

Og hugs; ei trygg og vell planlagt tur gir ei mykje betre turoppleving! God tur!