skreddersydd for eit aktivt opphald
Trolltunga Hotel har vaskemaskin der du kan vaske kleda dine for 50 NOK per omgang. Vi har også tørkerom av klede. Dei kan hengast inn der gratis. Kontakt resepsjonen for meir informasjon.
Trolltunga Active tilbyr utleige av klede. Basen i Skjeggedal har tursko, regnklede, gamasjar med meir. Prioritert er dei som er med på ein av Trolltunga Active sine turar.
Trolltunga Hotel tilbyr sein utsjekk ved enkelte høve. Du kan då bu på rommet ditt etter utsjekk fram til kl. 13.00 på avreisedag mot eit gebyr på 250 NOK. Spør i resepsjonen ved ankomst.
Trolltunga Hotel tilbyr sine gjester å låne strykejern og strykebrett. Spør resepsjonen for hjelp.
Velkomen til Gullbaren på Trolltunga Hotel. Me har ein perfekt lobby for avslapping, henging og møter med alle slag menneske og kulturar, toppet med vår gylne juvel - Gullbaren. Med flott utsikt over Sandvinsvatnet, fossar, Opo elva og fjell får du ikkje mange betre stader å tilbringe tid med gode vener. Her er det mogleg å bestille alle slags lokalproduserte drikkevarer, drinker og mykje meir. Me har åpent kvar dag. Ta med et par vener for en deilig kveld ute!
Trolltunga Hotel sine gjester som har booket guida tur til Trolltunga med Trolltunga Active får gratis transport frå hotellet til kun Trolltunga Active sine turer frå september til 21. mai TROLLTUNGA SHUTTLEBUS (ODDA TAXI) BOOK HER
Trolltunga er ein særdeles spektakulær og populær tur, men den er også lang og krevjande. Difor er det ekstremt viktig å ha med seg god og næringsrik mat. Hos oss kan du kjøpe ein matpakke som er satt saman spesielt for Trolltunga-turen til 150,- Den inneheld ei flaske vatn, frukt, snacks og smørbrød som du lagar sjølv frå frukostbuffeten. God tur!
Gjester på hotellet får tradisjonell norsk frukost-buffet med ferske vafflar inkludert i romprisen, servert i vår skandinavisk innreda Trolltunga Restaurant. Sovesal-gjester kan kjøpe frukost til ein tilleggspris ettersom dette ikkje er berekna i sovesal prisene.
Her i landet har me ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede. Men med gode klede i godt vêr treng me òg å tørke kleda. Difor er det perfekt at me på Trolltunga Hotel har eit eige tørkerom. Henvend deg til resepsjonen for å bruke rommet. Det er perfekt for klede, sko, sekkar og annet utstyr. Vi har og ei vaskemaskin for dei som ynskjer vaske klede. Det koster 50 NOK per vask.
Me tilbyr å lagre bagasje og utstyr for gjestar i korte perioder. Dersom du treng å lagre noko kan du ta kontakt med resepsjonen. Me har òg tørkerom til våre gjestar.
Me har integrert eigne utsiktspunkt fleire plassar på hotellet slik at ein kan slappe ekstra mykje av og nyte utsiktene våre! Bruk dei gjerne, og om du lurer på hvor de finnes kan du henvende deg til resepsjonen.